Innhald, innhald og atter innhald

Då koronapandemien slapp taket, trappa Visit Bergen opp innhaldsproduksjonen i regionkommunane.



Ved utgangen av 2022 er 11 kommunar i tillegg til Bergen med i destinasjonsselskapet for Bergensregionen. Visit Bergen sitt geografiske nedslagsfelt og arbeidsområde strekkjer seg frå Tysnes og Austevoll i sør til Sognefjorden i nord og Modalen i aust. Dei deltakande kommunane i regionsamarbeidet er: Alver, Austevoll, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen, Osterøy, Tysnes, Vaksdal og Øygarden. Nordhordland Utvikling IKS fungerer som eit bindeledd i prosjektet.

Ann Kristin Schei har vore leiar for prosjektet i 2022, medan reiselivsdirektør Anders Nyland har hatt ansvaret for kontakten og dialogen med kommunane.



På vegen i 11 kommunar
I koronaåra 2020 og 2021 brukte Visit Bergen mykje tid på besøk hos reiselivsverksemder i regionen for å dele råd og kunnskap med verksemdene i ei krevjande tid. Då pandemien slapp taket la vi ut på vegen att. No med innhaldsproduksjon som føremål. Aldri tidlegare har Visit Bergen laga så mykje innhald frå regionkommunane på eitt år som i 2022. Visit Bergen har laga oppdaterte innhaldspakker med artiklar, bilete og film frå alle 11 regionkommunar. Totalt er 33 verksemder/aktivitetar profilerte på film, og enda fleire er løfta fram i artiklar. Her er ein smakebit på korleis Visit Bergen jobbar ute i regionen.


Oppdatert nettside
Regiondelen på VisitBergen.com har fått betydeleg meir innhald i 2022. Det er laga nye inspirasjonsartiklar frå alle kommunar på norsk, engelsk og tysk.



Det er og utvekla eigne arrangementskalendre for flere regionkommunar:
• Kva skjer i Nordhordland
• Kva skjer i Øygarden
• Kva skjer på Osterøy

Alle arrangement i Bergensregionen er dessutan synlege i Visit Bergen sin ordinære arrangementskalender. Visit Bergen har dessutan ein søkbar database, ein såkalla «venue finder» på nettstaden. Denne er utvekla for å hjelpe arrangørar med å finne ein egna plass for sitt arrangement. Ein kan no filtrere på Bergensregionen når ein søker i denne databasen. I databasen er kapasitet og fasciliteter ved lokaler, hoteller, tjenesteleverandørar og byråer i Bergensregionen lagt inn. Ein kan søkje etter lokaler, hotell, tjenester og byrå. I 2022 har Visit Bergen dessutan oppdatert sin presseweb med nye bilete frå regionkommunane.

Synleg på Bergen Lufthavn
Visit Bergen publiserar innhald på velkomstskjermane på Bergen Lufthavn. Hausten 2022 var det denne fimen frå Nordhordland som ønska flypassasjerane velkomne.


Auka satsing i Nordhordland
Etter at pandemien slapp taket, har Visit Bergen og fleire samarbeidspartnarar styrka arbeidet i Nordhordland. Det er skipa ei lokal, operativ reiselivsgruppe som består av representantar frå Visit Bergen, Region Nordhordland, Nordhordland UNESCO Biosfære, Osterøy Utvikling, Gulen og Masfjorden Utvikling og Klar Bedrift. Desse aktørane samarbeider om utveklings- kompetanse- og marknadsføringstilbod til reiselivet.



Ut i verda
I 2022 har Visit Bergen hatt eit særleg fokus på sal av regionen til turoperatørar. Regionansvarleg Ann Kristin Schei har delteke på B2B salsarrangement i Stockholm og København. Reiselivsdirektør Anders Nyland hare hatt med ei gruppe på sju internasjonale turoperatørar på vsiningstrur til Mjøsvågen på Osterøy.